Årdal er eit samfunn i endring der ein prøver å oppretthalda eksisterande kvalitetar men samstundes tilføra nye som gjer bygda vår meir attraktiv både som bu- og arbeidsstad.
I tillegg til arbeidet som skjer innan området næringsutvikling er det eit særleg fokus på å utvikla Årdal som samfunn.
Årdal Kommune har eit godt utbygd tenestetilbod, der full barnehagedekning og skule- og fritidsordningar er gode døme.
Utover dette har lag og organisasjonar eit variert fritidstilbod der dei fleste skulle finna aktivitetar tilpassa sine behov og ynskjer, enten du er liten eller stor.
Registrer deg på heimatt.no og få tilgang til ledige stillingar og anna relevant informasjon du treng for å flytta heimatt.
Om du ikkje har tenkt å flytta heimatt til Årdal so ynskjer me at du registrerer deg likevel. Årdal er svært oppteken av å etablere eit nettverk som kan bidra med kompetanse og kreativitet i utviklinga av samfunnet vårt.
Du som utflytt Årdøl er ein verdifull ressurs i eit slikt nettverk.