Gjest, [Logg inn]  | Greateraardal  | Porten  | Ung i Årdal  | Årdal kommune  | Årdal Utvikling

Nye industriprosjekt på gang

05.07.2010 12:14:46



Årdal utvikling har fokus retta mot to nye prosjekt i 2010. Eit industriprosjekt som i fase 1 kan gje 25 arbeidsplassar, og eit moderne IT prosjekt med rom for 25-40 arbeidsplassar. 


 


- Eg kan på noverande tidspunkt ikkje gå nærare inn på kven dette gjeld, men det er utruleg spennande. Det handlar om eit industriprosjekt i Årdal si gate, og ei moderne IT satsing, seier dagleg leiar i Årdal Utvikling, Terje Laberg, til Porten.no. Dette er etableringar som krev tunge investeringar, Laberg er klar på at billeg kraft er nøkkelen for å få verksemder til å etablere seg i industrikommunen.

- Elles har me eit par andre industriprosjekt på gang, men mindre tilgang på statlege pengar gjev mindre økonomisk armslag, me har difor valt å prioritere vekk arbeidet med desse for ei stund. Eg vil likevel berømme dei folkevalde i Årdal kommune, som yter ein betydeleg økonomi inn i utviklingsapparatet, seier Laberg.

Han opplyser at dei no har fullført etableringa av FRAS.

- FRAS er no i posisjon til å gjennomføre vekst i utviklinga som fyrst tenkt. Litt på etterskot, men ikkje verre enn at det er til å leve med.

Tomtar og bustader
Laberg ser det framleis som ei prioritert oppgåve å tilrettelegge for tomtar og bustader.

 - Me må ha full fokus i arbeidet med å tilrettelegge for fleire bustadtomtar og leilegheiter, særleg retta mot ungdom og unge vaksne. Dette er i dag ikkje godt nok, ulike andre verkemiddel må til for å få dette på plass, seier Laberg.

Kommunikasjon - ei utfordring
Leiaren for utviklingsapparatet i Årdal er tydeleg på at gode og sikre kommunikasjonar inn og ut av kommunen, er heilt naudsynt for å få på plass ny industri, og for å vidareutvikle eksisterande verksemder. Sentralt står rasfaren mellom Tangen og Øvre, vidare utover mot Naddvik, og ikkje minst den rasutsette vegen austover via Holsbru.

- Å utbetre Rv 53 er ein klar føresetnad for vidare utvikling i kommunen. I verste fall kan Årdal bli totalt isolert i lengre periodar dersom det går ras, særs uheldig sett frå industrien sin ståstad med omsyn til transport av varer, seier Laberg. Han meiner styresmaktene må prioritere å forlenge Midnestunnelen, og sikre vegen frå 400 meteren forbi Jåteli til Holsbru.

Tekst og foto porten no: Steinar Kvigne

 

 

Tips ein ven

Frå
Skriv di e-postadresse
Til
Skriv mottakers e-postadresse
Tittel Nye industriprosjekt på gang
Ingress Årdal utvikling har fokus retta mot to nye prosjekt i 2010. Eit industriprosjekt som i fase 1 kan gje 25 arbeidsplassar, og eit moderne IT prosjekt med rom for 25-40 arbeidsplassar.  ...
Kommenter innhaldet her

Næringsnytt
Siste frå studentsida
Siste frå yrkesaktivsida
Ledige stillingar
Årdal Utvikling   postboks 126 6881 Årdalstangen   tlf.: 57661177   epost: post@heimatt.no
Sist oppdatert: 30.07.2010Design: Agnitio AS